torsdag 10. august 2017

Solmøy

SOLMØY
Olav Aukrust, i «Norske terningar» (1931)

Du kalde gyger som stendigt står her
og kastar skugge på tunet vårt:
du er den u-norske ånd som rår her.
Eg veit ei onnor som lengtar sårt.

Eg veit ei onnor, som lenge venta,
og ho er den som er Norigs brur.
Ho er så tindrande norsk, den gjenta,
og ho er fagrar, enn nokon trur.

*

Ditt namn er Solmøy, din song er siger.
Og soleis er meg ei sanning sagd:
For deg no rivne skal gygri diger,
ja for di strålande augnebragd.

Dei trur, du er ikkje god nok til oss.
Er me gode nok, tru, for deg?
D'et det, det spørst um, so sant me vil oss,
dei mål som òg krev den rette veg.

Dei trur seg trygge, dei trur du stivfraus,
dei trår mot fagnad hjå framandt viv.
Dei trur deg burte, dei trur deg livlaus –
Du som er liv av vårt inste liv!

Du som til himmels på ørnevengjer
bar det veldige Voluspå!
Du som på heilage harpestrengjer
kunde Draumkvædetonen nå. –

Du kjem og kveikjer båd' hug og vilje;
du fyller brunnvatn i mitt krus.
Lat meg i løyndom for deg få gilje
og nemnast son i din faders hus!

Eg trur på deg, Solmøy, som på si Rakel
Jakob, trass alt det hjarte-gnag.
Å tene deg er eit sant mirakel –
sjau år for deg tyktest meg ein dag!

Eg elskar deg, Solmøy! Som Adam Eva –
fordi det slett ingi onnor var!
Ja du åleine min elsk kann gjeva
det sanne, einaste sæle svar!

.·: † :·.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk, og kopier/lim inn:

🙂   😊   😌   😃   😄   😛   😶   😐   😟   😕   😮   😪   😉

💛   💚   💙   💜   💔   👍 👎   🌹   🌷   🌼   🌸   💐  

🌞   🌙   ⭐️   💧   🌈   👒   🎩

Takk for din kommentar! ♫♥♪ 
Den er vel snill og rar. ♫♥♪ 
Og røper du ditt navn ♫♥♪ 
så er det intet savn. ♫♥♪